Modulbaserte kurs for PhD-studentar ved Matematisk-naturvitskapleg fakultet, UiB

How to Cite

Folkestad, H. (2010). Modulbaserte kurs for PhD-studentar ved Matematisk-naturvitskapleg fakultet, UiB. Nordic Journal of Information Literacy in Higher Education, 2(1). https://doi.org/10.15845/noril.v2i1.56

Abstract

Universitetsbiblioteket i Bergen har utarbeidd eit modulbasert kurs for PhD-studentar ved Matematisk-naturvitskapleg fakultet. Biblioteket har samarbeidd med fakultetet om innhald, tidspunkt og annonsering, for i størst mogeleg grad å nå studentane og tilpasse til deira behov. Kurset er ikkje obligatorisk, men anbefalast sterkt av fakultetet, som vektlegg overførbare ferdigheiter hjå doktorandane. Evalueringane så langt er svært gode, og kurset vidareførast derfor i noverande form.

Generell teori er skilt ut, og presentert i tre plenumssesjonar over til saman 5 timar: 1) Strukturelle trekk ved vitskapleg litteratur, generell søketeknikk, reiskapar for søk og gjenfinning, oppdateringstenester og evaluering av skriftleg materiale 2) Siteringsstatistikk 3) Publisering, inklusive opphavsrettslege problemstillingar, Open Access, sjølvarkivering og institusjonelle arkiv.

Stoff som knyttast til praktiske ferdigheiter vert presentert i workshop-form for mindre grupper i kursrom med PC-tilgang. Vi tilbyr såleis valfrie, separate, 1-2 t workshops i databasesøking, inndelt etter plattform (i.e. alle Thomson-Reutersbasane samla, alle CSA-basane samla osb.). Vidare tilbyr vi 2 t workshops i referansehandtering (EndNote). For nye brukarar vektleggast innlegging av referansar, val av stil, generering av referanselister og bruk av EndNote med Word, for erfarne brukarar vektleggast fulltekstnedlasting, oppretting av bibliografi frå fleire dokument, samarbeid om EN-bibliotek og oppretting av nye stilar.

Med modulbasert kurs står studentane fritt til å stå over kjent stoff, kombinere databasekurs eller EndNote-nivå, eller kome tilbake for modular som er meir relevante seinare i løpet.

I denne presentasjonen leggast vekta på plenumssesjon 1 og workshop-modulane.

https://doi.org/10.15845/noril.v2i1.56

Copyright (c) 2010 Hege Folkestad

Creative Commons License

This work is licensed under a Creative Commons Attribution-NonCommercial 3.0 International License.

The copyright for articles in this journal are retained by the author(s). First publication rights are granted to the journal. By virtue of their apperance in this open access journal, articles are free to be used with proper attribution in educational and other non-commercial settings. Authors also extend to the Editors the right to redistribute their articles via other scholarly resources and bibliographic databases at their discretion. This extension allows the authors' copyrighted content to be included in some databases that are distributed and maintained by for-profit companies.

Creative Commons License This work is licensed under a Creative Commons Attribution-Noncommercial 4.0 Unported License.

Bergen Open Access Publishing